Kvinneleg dominans i Ilsvika
4 september, 2011
Etter ein fem månaders komatisk sumarferie er duraken no attende. I går innbaud Tor-Ove Reistad til den fyrste Ilsvikcupen i heimen sin på Ilsvikøra. Det var litt diskusjon kring namnet på tevlinga, men æresmedlem og senior kibitzer Ivar Berg fekk til slutt overtydd arrangøren om at namnet måtte vera Ilsvikcupen og ikkje Ilsvikacupen, altså stadnamnet i ubunden form. Starttidspunktet var i utgangspunktet sett til klokka tolv om formiddagen, men vart utsett tri timar, noko som i praksis innebar at den fyrste pulja byrja spela i femtida og dei to andre rundt seks, då dei fire kvinnelege deltakarane omsider innfann seg. Oppsettet fylgde mønsteret frå JM 2009, med éi pulje i stova, éi på kjøkenet og éi på altanen. Det einaste Overgeneraldirektøren trong å bidra med var nokre stolar, elles hadde arrangøren god hand om alt det praktiske. Han hadde jamvel laga ei eiga nettside, tilknytt den nyleg etablerte BK Smal, der folk kunne melde seg på og lansere ambisjonane sine for dagen. Ikkje minst utarbeidde han eit rankingsystem cirka like genialt som bridgens, basert på klubbpoeng i ein eller annan potens; matematikken kan de førespørja han personleg for å få innsyn i. Svært realistiske var i alle fall tala, meir enn dei forskjellige ambisjonane, som til dels var overdrivne: Vi nemner Skjetne, Grude, Johansen, Lunna, Livgård og serleg Forbord. Andre lyktest di betre med forsetta sine: Vi nemner Kvalmerås og eldste Skjellegrind, som båe gjekk for tidig utidigheit, yngste Skjellegrind som vel lyt ha greidd å imponere storesyster si, Vatnå som ganske riktig mumla fram eit vell av blaute vitsar, og serleg Borken, Reven Borken, som med glans nådde målet om overstadigberuselse i eitt ord. Han vart verkeleg usedvanleg utidig til seg å vera, vi gratulerer. Så ein titt på resultata i grunnspelet, fritt etter det lettare sløra minnet:
Stova:
1. Reven Borken
1. Ballan Livgård
3. Karl Morten Lunna
4. John Vegard Aa
5. Tommy Kvalmerås
Kjøkenet:
1. Julie Rannveig Skjellegrind
1. Tor-Ove Reistad
3. Lars Arthur Johansen
4. Erlend Skjetne
5. Sigrid Bjerkan
Altanen:
1. Randi Kristine Skjellegrind
1. Kristian Bertil Ellingsen
3. Gry Marit Fiskarstrand
4. Eva Gina Våtnå
5. Villiam Ovesen
Som vanleg gjekk dei to beste i kvar pulje til finalen. Hjå Unibet var oddsen for at akkurat desse seks nå sluttspelet 3756.96, men sekretariatet hadde faktisk gjort dette bettet og var temmeleg rike i går etter spelinga, heilt til Lunna velta ein øl over alle setlane slik at dei gjekk i oppløysing. Men altså, kva skal ein seia om desse resultata? Det er freistande å nytte den gamle formuleringa: “Skandale!” pluss ytterlegare ti ropeteikn, men det held vi oss for gode til. Det er berre å konstatere at innsatsen til mange førehandsfavorittar var nedslåande, og djupe depresjonar ramma i ettertid opptil fleire. Vel, Lunna fekk seg ein opptur då også Gry Marit rauk ut: Vi har sjeldan sett nokon flire så høgt, vilt og lenge. Anyway, det er jo artig at nye figurar markerer seg, vi nemner Livgård som til no for det meste har sjikanert duraken, Reistad som har nøgd seg med å kontemplere over dens kuriosa, yngste Skjellegrind som aldri før har spela, og Ellingsen som også er ny i det lokale durakmiljøet, skjønt han jo har delteke aktivt i noko veikare felt i Jokkmokk-regionen. Finalen, som vanleg ein svært langtekkeleg og fuktig affære, enda som fylgjer:
1. Julie Rannveig Skjellegrind
2. Randi Kristine Skjellegrind
3. Tor-Ove Reistad
4. Reven Borken
5. Kristian Bertil Ellingsen
6. Ballan Livgård
Dobbeltsiger til Sparbu og systrene Skjellegrind! Ei klasebombe, det er ikkje anna å seia om det. Julie prøvde faktisk å forlata finalebordet midtvegs, på eit tidspunkt då ho leia, men vi greidde å overtyde henne om at ho laut bli verande. Det angra ho neppe på då ho til lyden av Bowies “The Prettiest Star” mottok fyrstepremien, ei nydeleg lommelerke i det finaste kråkesylv! Litt synd at dei som utvilsamt ville hatt størst nytte av klenodiet, Ivar Berg og Erlend Gaustad, ikkje eingong deltok i tevlinga. Kontingentpengane gjekk også til premiar, vilkårleg fordelte mellom Randi og Tor-Ove. La det med det same vera sagt at vi i det administrative tek med største kulde og fatning at dei største premiane i nok ei tevling har vorte kuppa av kvinnelege spelarar. Ja, vi vil faktisk gå så langt som til å seia at det er litt gledeleg, eller iallfall ikkje horribelt, ettersom sporten vår har vore prega av ei viss forgubbing og kan trengje ein young woman’s touch.
Etter spelinga gjekk ferda til utestaden Credo for bankett med taler, skålar og éinrettars middag, øl. Den flegmatiske vinnaren Skjellegrind, pluss Fiskarstrand som skulle på nattevakt, samen Ovesen, den nedsnødde Forbord og den krakilske Borken var forsvunne, men elles var dei fleste til stades, og vi vart også flankerte av hangarounds. Låtten sat laust og Våtnås kryptiske vitsar endå lausare. Etterspelet var som sist hjå Skjellegrind, der også æresmedlem Erik Berg dukka opp for å minne oss om det ekstreme talentet sitt. Sjølve byrja vi bli trøytte og fekk den alltid edruelege Ellingsen til å frakte oss i ei trillebår heim. Klokka var då kringom fem om morgonen, det ideelle tidspunktet for å avslutte ei duraktevling. No skal vi snart fyllekøyre pick-upen ned til Ilsvika for å sjå om stolane våre framleis står der, eller om Kvalmerås sat dei alle i hel. Vi håper på det sistnemnde, for så nedslåtte er vi over at også dette durakeventyret no er over, at vi heller enn å sitja vil bli liggjande langflate i ei grøft. Ha ein haust i durakens ånd.
Fascistisk suksess
10 april, 2011
Etter eit og eit halvt års fullstendig stillstand er det igjen litt liv i duraken. Denne helga gjekk den tradisjonsrike, men aldri tidlegare arrangerte Fascisme-cupen av stabelen på Forbundskontoret i Trondheim. I utgangspunktet skal dette arrangementet gjennomførast den 1. mai som ein protest mot alskens lågpanna sosialisme, men 9. april, datoen for Nazi-Tysklands gloriøse inntog i Noreg i 1940, var i og for seg ein like passande dato. Vi understrekar at vi her legg tevlingsleiar og eldsjel Fredrik Simonsen si forkvakla omgrepsverd til grunn, sjølve er vi berre i moderat grad høgreekstremistar. Men politisk vanvit er no ein gong svært foreinleg med durakens suspekte verdigrunnlag, og sjølv om einskilde dissidentar faktisk fanst jamvel mellom dei heldige inviterte, så har ikkje vi i leiinga korkje prinsipielle eller andre innvendingar mot eit arrangement med såpass eksentrisk agenda som dette. Snarare tvert imot.
Det dreidde seg altså om ei invitasjonstevling, og til dei som les dette og innser at dei ikkje sjølve var inviterte, er det berre å seia at dei får skjerpe seg. Vi kan ikkje stå ansvarlege for at dei har briljert i så liten grad at vi meir eller mindre gløymde dei, då dei etterspurde plassane i denne tevlinga på vilkårleg vis skulle forfordelast. Men på den andre sida stod på startlista mange namn viss skjer av kulheit det uansett ville vore vanskeleg å overskugge. John Våge er kanskje det beste dømet, men morosamt var det òg at sjeldne andlet som Steinar Aa fann tid til å delta, og at eit rikt utval durakbeibs bestemte seg for å illuminere oss med sitt nærver. Regjerande jarnbanemeister Gry tok til dømes med seg sjakkesset Yonne, som til liks med Hilde kom heilt frå Nederland, og våre studievenninner frå Durakhøgskulen, Ingrid og Line, drog med seg både seg sjølve og andre divaer. Litt urovekkjande var det rett nok at ingen av desse nokså ferske spelarane møtte opp til det pedagogiske kursopplegget som byrja på altanen ein time før sjølve tevlinga. Det vitnar om for stor sjølvtillit og for lite næringsvett: Det var nemleg lova Malibu til alle som innfann seg på dette kurset, og den einaste som valde å nyttiggjera seg dette tilbodet var faktisk Simonsen. Dette endå det var sjansar for både appelsinjuice og isbitar i denne herlege kokosromen. Paraplyane, derimot, som vi venta i ananaskasser frå hovudkontoret i Omsk, vart etter seiande landevegsrøva allereie i Sverdlovsk. Til vederlag spela vi svært stemningsskapande og relevant musikk, Rachmaninovs tridje klaverkonsert og tridje symfoni, utan at andre enn operasongaren Aal og musen Aas Naust såg ut til å verdsetja akkurat dette.
Sjølve tevlinga føregjekk som førre gongen, med inndeling i tri puljer innleiingsvis. Nytt av året var eit innfløkt seedingsystem, iscenesett av Simonsen under kyndig vegleiing av Overgeneraldirektøren, utan at dette reduserte antalet hysteriske klager. Nybyrjaren Ingrid Roan leverte til dømes ein aggressiv apologi for den visstnok underseeda Steinar Aa, som ho ikkje eingong visste kven var, medan alle bortsett frå Gry-Marit sjølv, var samde om at Gry-Marit var overseeda. Ein annan skilnad var at pulja som sist var på altanen, under markisen, i år grunna vêrhufs var flytta inn i stova. Igjen gjekk dei to øvste frå kvar pulje vidare til finalen. Resultata i gruppespelet:
Stova, høgre del:
1. John Våge
2. Sverre Johan Aal
3. Randi Kristine Skjellegrind
4. Steffen Fredrik Simonsen
5. Ingrid Skjold Roan
6. Arja Grenager Sørmo
Stova, venstre del:
1. Erlend Skjetne
1. Gry-Marit Fiskarstrand
3. Tor-Ove Reistad
4. Hilde Aas Naust
5. Yonne Tangelder
Kjøkenet:
1. Jomar Lygre Undheim
2. Karl Morten Lunna
3. Line Mork Vatneødegaard
4. Steinar Aa
5. Petter Eide
6. Tonje Skråmm Gregersen
Vi var ikkje direkte overraska over å finne oss sjølve, Våge og Lunna på finalebordet. Den kurdiske utvekslingsstudenten Jomar hadde før denne aftanen aldri delteke i ei duraktevling i Noreg, men vi vurderte også han som ein av dei skumlaste finalespelarane, og skulle få veldig rett i dette. Gry-Marit Fiskarstrand har i snart to år levd høgt på jarnbanetittelen sin, men var vel ikkje levna dei store sjansane i eit felt som dette. Om den siste finalespelaren, Sverre Johan Aal, er det berre å seia at han var lei og heller ville drikke, og difor overlét plassen sin til nummer tri i pulja si, Sparbus Randi Skjellegrind. Denne mangelen på entusiasme er på ein måte kritikkverdig, men samstundes i tråd med ein kjerneverdi i moderne durak, dekadent apati. Verre var ein del av det som føregjekk ved sjølve finalebordet, i år som i fjor: John Våge hadde alt ved ankomsten annonsert at ambisjonen i år var å bli endå fullare enn sist, noko ein kanskje skulle tru umogleg. Men eit godt initiativ var det like fullt, og som ei direkte fylgje av den nedsnøa tilstanden han med briljerande overlegg og mykje møde opparbeidde seg, hadde han ved gjentekne høve, vi estimerer kringom ti, behov for å spørja kva struntsfargen var. Dessutan vræla han ustanseleg sine klagesonger over den vanskelege og utsette posisjonen sin som einaste frammøtte medlem av Appellkomiteen. Dette vart Gry-Marit direkte sur for, og medan Lunna som vanleg gliste og Jomar på kurdisk tagde, vart vi for vår del direkte sure på henne. For Våges vræling var god durak, det var framferd heilt fullstendig i tråd med durakens vesen, og berre å lee på så mykje som eit augebryn i misnøye med Våges eksemplariske framferd, er ein hån mot durakens ære og skal i praksis vera synonymt med diskvalifikasjon. Heldigvis vart ikkje Appellkomiteen nøydd til å handsame denne potensielt såre saka, fordi Gry-Marit valde å bli desidert sist, og dimed på eiga hand forvise seg frå finalebordet. Det kaprisiøse lynnet hennar greidde vi oss utmerkt utan, men verre var det at også andre forsvann: Tevlingsleiar Simonsen tapa den store B-finalen mot Petter Eide, vart plutseleg heilt loco og drog hurtig heim og la seg, Reistad føretrekte citaren i stova, og alle dei andre som i ei ideell verd ville stått kring finalebordet og stira kjøleg, forbitra over ikkje sjølve å vera komne til finalen, drog av uforståelege grunnar til byen i drosje. Dette galdt også Skjellegrind, som rauk ut som nummer to. Våge heldt litt lenger, Lunna endå eit bel, og på andreplass kom til sjuande og sist Overgeneraldirektøren. Vinnaren vart med andre ord Jomar, eit vandrande geni, som berga med ein einaste durak i finalen, og svært velfortent kunne hente med seg fyrstepremien på ikkje mindre enn 200 kroner. Desse vart med brask og bram overrekte av Overgeneraldirektøren, som også gav andrepremien på kroner 100 til seg sjølv, og tridjepremien på kroner 40 til Lunna. Vi gratulerer! Lista til slutt:
1. Jomar Lygre Undheim
2. Erlend Skjetne
3. Karl Morten Lunna
4. John Våge
5. Randi Kristine Skjellegrind
6. Gry-Marit Fiskarstrand
Så fylgde dei beste av finalistane i dei andres fotspor ned til byen, der dei nok hadde håpa på ei behørig hylling frå alskens forsmådde B-finalespelarar. Men sjikane og surmuling var alt som møtte dei. Takk i alle fall til Skjellegrind som generøst nok arrangerte ei form for nachspiel, utan at vi skal seia at dette var direkte godt besøkt. Dei einaste med gyldige grunnar til å utebli var vel eigentleg Simonsen og Våge, arrangementets aller fullaste, men plutselege forsvinningar er jo òg i durakens ånd, og biske og lynske som alle andre enn Jomar og Lunna var, kan det vanskeleg seiast at nokre var direkte sakna på dette nachspielet. Skryt likevel til groupie Bodil som etter kvart greidde å bli fullstendig animert. Ho rota bort både mobilen og nøklane sine, og var heller ikkje i stand til å leite etter desse gjenstandane. Til dette er det berre å seia: Meir av slikt! Duraken lever ikkje av surmuling og egosentrisme åleine, fyrst og fremst trengst det fyll, vald og meir fyll. Likevel vil vi no, idet vi avrundar denne krøniken, få lov til å kalle årets Fascisme-cup ein storslagen suksess. Takk til Fredrik Simonsen for initiativet, og til Overgeneraldirektøren for igjen å ha stilt sine indre gemakker disponible for ein gjeng vandalar og søppelhovud. Måtte det bli mindre enn hundre år til neste gong!
Vi er attende!
14 januar, 2010
Det vart ein elendig haust for duraken. Etter NM i stova vår den herlege augustkvelden like før skulestart, tok vi alle ein smoothie og litt rekreasjonsdurak på ein fancy kafé sundags ettermiddag. Vi hugsar ikkje akkurat korleis det gjekk, men sikkert ikkje bra for vårt vedkomande, uheldige som vi alltid er. Stort betre vart det ikkje ei tysdagsnatt på Fruen etter ein sumarbridge, men endå verre skulle det likevel bli. For no gjekk duraken nemleg i koma, heilt fram til jul. Det er i overkant lenge! Nyttårsfesten vart òg ein minimal suksess, for ingen kom. Ikkje eingong vi sjølve, og det seier sitt om situasjonen at dette altså var denne største hendinga sidan august. Vi skulle skrive om det, men så hadde vi sanneleg greidd å gløyme passordet til sida. Katastrofe! Utan denne webbaserte organisasjonen er durak-Noreg i praksis daudt, og vi har verkeleg vore langt nede i nokre veker no, pina av angesten for aldri igjen å kunne entre administrasjonssida.
Men inkje så gale at det ikkje er godt for noko. Det var nettopp grunna vår nedrige sinnstilstand at vi denne aftanen sat åleine på romet vårt og bøtta kvitvin, finansiert av dei siste kronene frå sambandskassa, spelande durak med oss sjølve. Endå vi altså ikkje hadde motstandarar, anna ein einsleg hybelkanin som klikka og forlét oss etter fyrste runden, greidde vi å bli durak kvar einaste gong. Så vi sette på songen “Take my Blanket and Go” og skulle til å skjera hovudet av oss med dei sylkvasse spelkorta. Men då slo det plutseleg ned i oss, som eit lyn frå svart himmel: Passordet! Der var det, endeleg attende i minnet vårt, og med det også alt som duraken og denne sida har vore for oss. DCIhEG5WV9vC, sjølvsagt var det det var! Kva anna kunne det vera!
Det er berre å orsake at de har måtta vente så lenge. Men no er vi altså attende, og framover kan det godt bli eit innlegg så ofte som annankvar månad her. Vi skal sjølve sjå til at denne våren og året som kjem blir prega av durak til siste stund. Fyrst treng vi berre er ein kortare rehabiliteringsperiode, eventuelt eit opphald på galehus. Enn så lenge føreslår vi for medlemene eit lite attendeblikk, sett i scene av vår trufaste fotograf og medarbeidar Tor-Ove Reistad, som så mange gonger har berga oss når vår eigen duraknad er nær ved å velte psyken vår. Nye bilete er lagde ut i galleriet vårt, og det finst også ein eminent liten filmsnutt. Den heiter passande nok Durakbabes, og etter den lange mørketida kan han tene som ei påminning om dei eigentlege verdiane i duraken: Hor og fyll. På attersyn ved bordet!
Samisk siger i fuktig lag
24 august, 2009
Førre laurdag var tilsynelatande ein gigantisk siger for norsk durak. Laurdag kveld reiv Sambandet skinnet av kaldgrauten og arrangerte det improviserte opne VM i si eiga stove. Sjølv om tevlinga, som det i kjend stil utgjekk varsel om knapt eit døger i forvegen, ikkje på langt nær samla alle verdas durakspelarar, så var deltakinga likevel nokså god sett med lokale augo. Vi vil likevel i ettertid tillata oss å nedjustere meisterskapen frå VM til NM, ettersom alle deltakarane har bustad i eller kringom Bartebyen. Det verkar urettferdig mot til dømes kasakhiske og tadsjikiske spelarar å gje VM-status til ei tevling dei ikkje i si beste makt kunne vunne seg fram for å delta i.
Det byrja med eit lynkurs for den einaste på førehand ganske urutinerte spelaren, Rebeca Fratila frå Romania. Dette gjekk føre seg på den offisielle durakaltanen, kvarifrå leiaren kvart år på 17. mai vinkar til folkemassane. Traktementet til gjesten var eit stort glas Malibu med is. Då fleire av deltakarane langt om lenge innfann seg, som venta godt over offisiell spelestart, vart det nokre kjappe prøverundar. Med alle tretten til stades, pluss bakspelarane Forfot og Maja, kunne ein endeleg i plenum avgjera det ideelle formatet på tevlinga. Det kom forslag om speling i tri puljer, med høvesvis fire, fem og fire spelarar i kvar, og avansement for dei to i beste i kvar pulje til eit gloriøst finalebord. Dette vart einrøysta vedteke ved hysterisk akklamasjon. Det minste bordet stod på altanen, i regnet overskugga av durakmarkisen; der spela Johansen, Fôrseth, Våge og Simonsen. Svært høveleg ettersom alle desse er kjende som storrøykarar og tilsvarande vesentlege kaukarar. Det midtarste bordet fanst i durakstova. Det var det desidert mest shakye og hylande: Fiskarstrand, polakken, Fratila, Naust og Reistad. At den såkalla “trekkinga” på mystisk må ha vore rigga, ser ein av komposisjonen av det tridje bordet, som stod i durakkjøkenet: Skjetne, Lunna, Bogen og Haugen. Her var altså fire av dei heilt store favorittane, medan til dømes stovebordet utelukkande bestod av noobsy underdogs, kanskje med unnatak av Fratila som i teorien godt kan vera ei uoppdaga stjerne. Trass i eit uhorveleg leven og mykje alkohol heilt frå starten, var dette likevel den fyrste tevlinga til dags dato, der ei resultatliste har late seg føre. Som vanleg vart dei offisielle dokumenta søla sprit på og deretter brende, men etter eige minne har overgeneraldirektøren gjenskapa fylgjande sluttresultat frå dei einskilde puljene, med kvalifiserte finalistar utheva:
Altanen:
1. John Våge
1. Fredrik Simonsen
3. Hans Arne Fôrseth
4. Lars Arthur Johansen
Stova:
1. Rebeca Fratila
1. Gry-Marit Fiskarstrand
3. Hilde Aas Naust
4. Polakken
5. Tor-Ove Reistad
Kjøkenet:
1. Karl Morten Lunna
1. Håkon Bogen
3. Morten Haugen
4. Sensurert
Det mest skandaløse var utan tvil femteplassen i stovepulja, som på resultatlista vart akkompagnert av orda “Hahaha”, eit utilbørleg prosedyrebrot vi ikkje kan akseptere. Noko betre i høve til prosedyren, var det at nettopp Reistad stilte i ein vidbremma hatt med cricketmotiv. No vel. Til finalen kom brørne Leidulf eins ærend i båt frå Fræna for å kommentere. Dei stod også for den dyre champagnen som vart reservert til vinnaren, og minna oss av ein eller annan grunn om bridgens Panous Gerountoupoulous. I pausen mellom gruppe- og finalespelet samla visekasseraren inn ti kroner frå kvar deltakarar, som var det dobbelte av dei fem kronene som i utgangspunktet var den annonserte startavgifta. At alle pengane gjekk rett i premiekassa var derimot ikkje ei løgn. Langt om lenge kunne finalen byrja. Stemninga var svært brukbar ved det store bordet. Etter mykje om og men såg resultatlista slik ut, med medaljørane og neste års JM-kvalifiserte utheva:
2. Karl Morten Lunna
3. John Våge
4. Håkon Bogen
5. Rebeca Fratila
6. Fredrik Simonsen; diskvalifisert
Resultatet er sjølvsagt ein rein skandale, men what can we say. Vi hevda sjølve at dette var det fyrste seriøse arrangementet innan duraken nokon gong, og det var det jo for så vidt på ein måte. Aldri har så mange vore samla til ei organisert duraktevling, og aldri har så mykje tankearbeid vore nedlagd i sjølve arrangementet. Men så blir det altså i siste instans eit finalebord, og kva skjer der? Éin deltakar, som faktisk fekk medalje, sit med hovudet i fanget og tek ein pause for å spy. Ein annan går i ørska ned trappa og kjem aldri opp igjen. Tevlinga blir vunne av ei skrækkels som ikkje veit at ein spelar med trumf, og vi sjølve som heldt avslutningstala, skjenkte i champagnen og delte ut premiepengane, kan knapt nok hugse at vi faktisk gjorde det. På dette tidspunktet var nesten alle åskodarar allereie forsvunne, klokka var godt over eitt. Likevel gjekk vi til byen, og sidan alt likevel var i ferd med å stengje, var det berre å spasere opp igjen. Vi meiner å hugse at vi på denne turen ramla ned i eit hol, ei grøft eller noko. Det var ein passande finish på det alvorlege VM, i det som utan tvil er ein svært alvorleg sport. Gratulerer, Gry-Marit Fiskarstrand!
EM-gull til Sambandet
24 juli, 2009
Det n-te EM i durak gjekk av stabelen i landsbyen Poiana Brasov i Transilvania i midten av juli. Det er umogleg å seia om arrangementet var ein suksess eller fiasko, med det enda i alle fall med heimesiger, suveren sådan, og heimesiger i svært bokstaveleg forstand. Det var vi, som sit her med Sambandet og heile den internasjonale duraken sentrert i vår eiga stove, som gjekk sigrande ut av tevlinga. Det vart rett nok ikkje førd noka laupande resultatliste, men vi spela som gudar og meiner å hugse vi stort sett vann. Altså vart vi tileigna gullmedaljen, som då einkvan miste gullet i ned innsjøen, rett nok vart av bronse. Det var mogleg å protestere på denne heilage avgjerda, men ingen gjorde det. Your silence spoke volumes, for å seia det slik. Appellfristen gjekk forresten ut i går kveld, så no er det altså offisielt. Det vart ikkje kåra nokre sylv- og bronsemedaljørar, på det grunnlaget at alle dei andre saug om lag like mykje, og delvis også at bronsen laut erstatte gullet, medan sylvet vart stole av skjora.
Når dét er sagt, var det likevel ei fruktbar tevling på mange måtar. Dei fåe, men ekslusive internasjonale meisterskapane er dei einaste sjansane lokale durakspelarar har til å møte verdsbermen, og lufte tankar og idear om framtida til sporten, med folk som har hakket større forståingshorisont enn byråkratane her på berget. No skal det seiast at einskilde nasjonar skuffa oss litt, mange var dei som på generelt grunnlag boikotta tevlinga, men danskane og ein spelar frå Uruguay var iallfall svært ivrige. Som blindpassasjer og ikkje-europear stod sistnemnde på sida av sjølve tevlinga, men utviste ein overveldande iver så snart dei daglege kampane var over og kveldens fylledurak kunne byrja. Danskane for sin del kom som totale noobs, hadde knapt nok rørd ein kortstokk på førehand, men imponerte med ein storslått lærevilje og blåøygd tillit til vår eigen profesjonalitet. Skal ein peike på ein serskild skavank mellom mange hjå dei norske spelarane, er det jo nettopp den manglande naiviteten deira. Dei er kritiske inntil det paranoide til alt det harmlause som går føre seg i administrasjonen. Men danskane hadde vyrdnad, og gledde seg med barnlege smil over nyoppdaga ferdigheiter i dette stimulerande kortspelet. Til tider var vi faktisk så mange kring bordet, at vi spela med fleire kortstokkar. Det har aldri hendt før, og er såleis noko av ein milepæl i duraksoga.
Av nye spelarar vil vi i tillegg til danskane serleg nemne Katrine Gran, Kristian Ellingsen og Vemund Vikjord. Ingen av desse kom som medlemer av Sambandet, men debuterte i EM og gjorde ein grei figur. Vi ynskjer dei lykke til i seinare meisterskapar, men veit med oss sjølve at det kan bli lenge til neste gong. Inntil den tid vonar vi den lokale duraken kan gå inn i ein vekstfase. Diverre er det lite vi kan gjera for å påverke dette. Duraken går sine eigne vegar, tilsynelatande heilt uavhengig av oss.
Fascisme-cupen utsett
8 mai, 2009
Nok ein gong har duraken fått unngjelde for det altfor tette, naive samarbeidet med andre idrettsgreiner. Sist fredag, forresten den fyrste mai, var det planlagd Fascisme-cup i det såkalla Romet, Fredrik Simonsens bustad. Allereie i fjor stod denne tevlinga førd opp i terminlista, men då det kom til stykket, vart det klårt at heile arrangementet laut vike for ei kolliderande bridgetevling ved Femunden. Denne prioriteringa er uforståeleg for Sambandet, men ser ut til å vera gjengs mellom storparten av medlemene.
Faktisk var det berre éin som uttrykte vonbrot over vedtaket, og det var til vederlag den potensielle heidersgjesten. Den internasjonale stjernespelaren Jon Eiesland kom eins ærend frå durakens høgborg Karelen, for å sope inn premiepengane i Fascisme-cup. Men så fekk han vita at alt var avlyst, eller iallfall utsett, og vart sitjande som ein straffange i denne traurige byen medan alle andre var på Femunden. I furore nytta han den påfylgjande måndagen til å utvise sin totale supremacy i all slag kortspel, ved fyrst å vinne ein klubbkveld i Stud, på lag med overgeneraldirektøren, og deretter rundspela alle i eit uhøgtideleg parti durak i den nye bula, Kais føkkings hjørne. Den einaste som heldt noko lunde fylgje var nettopp direktøren, mister Durak himself, som set umåteleg pris på alle innblikk i den langt meir oppegåande russisk-finske kulturen. Det einaste dei andre gjorde, den nye medlemen Haugen inkludert, var å bera seg over reglane då dei etter tur konkurrerte om å tapa. Dei har fått det føre seg at lovverket skifter, om ikkje kvar dag så iallfall kvar veke, og i tråd med vårt eige gemytt. Til ein viss grad er det slik, med det føremål ikkje å lata sporten stagnere, men det ekstremt metafiktive reglementet uttrykkjer klårt og tydeleg at det ikkje er ope for kritikk. Alle som sjikanerer eller trakasserer reglementet vil heretter bli vurdert avretta.
Eiesland er allereie heime att i Finland, og det kan vi verkeleg ikkje klandre han for. I dag, ei veke ut i mai, er det enno ikkje sett nokon ny dato for Fascisme-cupen, og arrangøren er tilsynelatande fallen heilt i stavar. Dette er ei bøn til han om å skjerpe seg. Elles minnar vi om sumarduraken, heime hjå generalen alle vekedagar utom måndag, tysdag, fredag, laurdag og sundag klokka 19.00. Oppmøtet har så langt vore elendig, i realiteten lik null. Men velkomen likevel, idiotar.
To nye medlemer
27 mars, 2009
I mangel på noko å betre skrive om, og for å overtyde tvilande publikum om at det framleis, trass alle vanskar, er eit snev av liv i oss, vel vi å publisere dette sjeldsynte gladnyhendet i feite typar. Sist helg fekk det sveltefora Sambandet heile to nye medlemer. Det var dølen Lunnsa som melde inn seg sjølv og systera med det kule namnet, Anna Karenina. Han gjekk for den kjende syskenmoderasjonen, som berre Simonsen elles har teke nytte av. Det skuffar oss, for vi veit at ganske mange av dei klovnaktige medlemene i denne syforeininga, har eitt eller fleire sysken dei i smug kunne innrapportert. Vi treng ei valdsam auke i både deltaking og seriøse arrangement, skal vi ha nokon sjanse på dei forlokkande Frifond-midla, kroner 10.000 blankt.
Når dét er sagt, er det langt frå sikkert at 10.000 kroner ville makta berge den skakkøyrde durakøkonomien. Då overgeneraldirektøren i helga skulle sanke inn kontingenten frå Lunnsa og systera, greidde han ikkje eingong hugse satsane. Han kravde eit altfor lite beløp, som straks vart bruka på svindyr Jägermeister - til personar utom Sambandet. Leiinga spelar fallitt med heile idretten.
“Slik er og lyt det vera,” seier overgeneraldirektøren i eit intervju med hovudsida. “For korleis har duraken vore praktisert, både før og no, i moderlandet Sovjet? Jo, som fyll og vald. Dette er kjerneverdiane i sovjetisk durak, og Noreg lyt for all del ikkje sakke akterut på den fronten. Då har vi tapa alt, serleg kampen om ungdomen. La så vera at vi no har ein dårleg periode. Men ting vil ta seg opp att! Om ikkje no, så om hundre eller ti tusen år.”
Dette sa han og sovna. Vi har ikkje meir å melde for denne gong, men minnar om Fascisme-cup i Romet den 1. mai. Det blir ei obligatorisk tollavgift på éi flaske valfri sprit per deltakar. Dette etter pålegg frå administrasjonen, ikkje arrangøren.
Nokre fåe spel
17 februar, 2009
Det står så til dei gradar elendig til med den lokale duraken, at alle høve der det faktisk blir spela eit spel eller to, er vel verd å nemne på denne sida. Så også i helga, då det ifylgje terminlista ikkje var duka for noka tevling. Men som nemnd i Kjellaren, kom den eksilerte medlemen Reistad på vitjing til byen. Dette opna for durak.
Endå vi kategoriserer dette innlegget under “Resultat”, kan vi vanskeleg syne til anna enn høgst omtrentlege scorar. Spelinga var som vanleg prega av eit utilbørleg stress, tidvis òg av øl, og ingen hadde krefter til å notere, enn seia innrapportere krinspoeng. Men det førekjem oss at Reistad var ein av dei beste. Lunna deltok òg, med variabelt hell, det same gjorde Bogen, Johansen, Aa, Simonsen og Haugen. Våge, på si side, var diverre utestengd frå tevlinga. Bokstaveleg tala, altså, han kom seg ikkje inn. Så stort var snøfallet.
I tillegg til ikkje å briljere, hadde deltakarane ein annan ting til felles: Sjikanen av underteikna. Vi gjekk på eit par uheldige tap, og dei fleste var urovekkjande raske med å annonsere, at vi no burde seia frå oss verva og rykkje ned i femtedivisjon. “Fuck you,” svara vi, og stemninga vart ikkje betre. Vi hadde eigentleg hug til å reagere endå sterkare, men var så slitne at vi tagde med det. Merk kor traurig denne artikkelen er. Duraken er i ferd med å døy. Eller, ikkje døy, kanskje, men iallfall gå i koma. Vi nærer dei same vemodige kjenslene for det elska spelet vårt, som hovudpersonen for kjærasten i Smiths-songen, “Girlfriend in a Coma“.
Søket på “durak” på YouTube gav forresten ikkje mange treff. Ikkje biletsøk i Google heller. Men søkjer ein generelt på veven, er denne nitriste sida noko av det fyrste ein kjem til. Vi, som ein gong heldt liv i duraken, ser allting stagnere no. Det er dels vår eigen, men i stor grad dykkar feil. Det kan vi aldri tilgje dykk, forbanna premiedurakar.
Eit streif av sol
28 januar, 2009
Det har vore mykje klaging på desse sidene sidan oppstarten i haust. Med god grunn, kan ein seia, for det meste har gått til helvete innan norsk durak. Sambandet vaklar framleis på randen av samanbrot, og er i praksis like velfungerande som Somalias finansdepartement. Aktiviteten er på eit botnnivå. Durak har knapt nok vorte spela sidan julecupen, som altså vart avlyst. Det er berre eit tidsspørsmål før også vi her i steinrøysa byrjar sjørøveri og kidnappingar for å berge stumpane av gamal tids stordom.
Når vi likevel har ei lita gladmelding å koma med, er det, ikkje overraskande, ein privat initiativtakar som skal ha skryt. Gry-Marit Fiskarstrand sit rett nok i Styret, men opererte aldeles uavhengig då ho førre fredag arrangerte ein såkalla “spelkoskveld” i stova si. Fråveret av kjærasten Eberg frigjorde vesentleg plass på sofaen, og utover kvelden vart det faktisk ganske fullt i den vesle stova. Det irriterte ekspertane at også andre spel enn durak fekk plass på programmet, men vi fekk iallfall prova kvifor nettopp durak er den overlegne sporten. Fyrst var det nemleg TP, eller Trivial Pursuit, der durakkjennarane Skjetne og Simonsen dominerte fullstendig, rett nok hjelpt av sivilistar. Vi kan med rette fastslå det som lenge har vore kjend, at TP, bridge og liknande spel, rett og slett er banale. Den verkelege utfordringa ligg i duraken, der både John Kristen Våge, Lars Arthur Johansen, Petter Eide og nybyrjaren Randi Skjellegrind gav Skjetne og Simonsen nokre harde nøtter å knekkje. Som så ofte i dei meir eller mindre høgtidelege duraktevlingane, var tilhøva noko for fuktige til at ei resultatliste lét seg føre. Vi kan seia det var jamt.
I ei tid der den offentlege duraken som sagt ligg nede, er vi takksame for initiativ av dette slaget. Vi vil oppmode fleire til å la dei hyggelege durakungdomane invadere heimen sin. Dei kan koma til å ruse seg, men aldri på noko tyngre enn narkotika. Det gjekk iallfall smertefritt på fredagen, ingen kom fysisk til skade. Avslutningsvis vil vi berre presisere, at alle durakarrangement som ikkje skjer i regi av Sambandet, ifylgje ein nyoppdaga klausul skal ileggjast moms og diverse avgifter; dette for å motverke inflasjon. Forsøk på å omgå denne viktige vedtekta, vil ikkje bli sett på med nåde.
Ein jævlig start på året
2 januar, 2009
Det nye durakåret byrja akkurat like tragisk som det førre slutta. Den 1. januar var det planlagd nyttårsfest for alle medlemer. Sekretæren møtte opp i gryotta med sprit og narkotika for hundretusenvis av kroner, yr og gira før den store festen, som var forventa å vara langt ut i nattetimane. Valdsamt var vonbrotet då festlokalet synte seg folketomt, og det heller ikkje seinare dukka opp nokre festkledde durakspelarar. Ikkje eingong overgeneraldirektøren, som i kjend stil var initiativtakar til dette katastrofale arrangementet, gidda å innfinne seg. Sekretæren var likevel fast bestemt på å halde fest, og enda opp med å konsumere alle rusmidla på eiga hand. Kring midnatt stod ikkje livet hans lenger til å redde, og leiinga annonserer kremering av liket allereie fyrstkomande sundag.
Eit par dagar tidlegare gjekk den tradisjonsrike julecupen av stabelen. Vi kunne gjeve dykk resultatlista, men ser ikkje heilt poenget. Ho minna påfallande om lagkamplista vår ven på Loftet publiserte nyleg, frå bridgematchen mellom Heimdal 1 og Heimdal 7. Ingen møtte opp i julecupen, og premiane går såleis i forbrenningsomnen jamsides sekretæren. Det same gjer ei kvar von om ei ny og betre framtid for norsk durak. Takk for absolutt ingenting.
